
Introduksjonskurs
Dette kurset fokuserer på grunnleggande padleteknikkar og kunnskap om kajakk og kajakkutstyr. Kurset er på 3-4 timar og kvalifiserer deg til «Våttkortet» utferdiga av Norges Padleforbund. Dette er eit sertifikat som viser at du kan handtere havkajakk, og som gir deg tilgang til å leige kajakk i heile Noreg.
Dette kurset gir deg ein helt grunnleggande innføring i sikker ferdsel med ein havkajakk på sjø, og i Solund får du også sjansen til å padle i Nordsjøen!
Kajakk kurs for vidarekomne
Er du interessert i kurs for vidarekomne? Teknikk kurs, aktivitetsleiarkurs el.likn.?
Ta kontakt med oss på e-post eller telefon dersom du ønskjer å lære meir eller vite meir om kva kurs vi kan tilby.