

GUIDA DAGSTURAR - Velg di reiseoppleving
Når du besøker Solund er ein kajakktur den beste måten å utforske landskapet på. Du følger då spora etter tusenvis av fiskarar og kystkvinner som alltid har brukt havet som sin hovudveg.
Landskap-, dyreliv- og geologipadling
Utforsk den særeigne naturen i dette området, frå kajakksetet ditt. La våre kvalifiserte guidar føre deg rundt i eit særeige landskap fullt av øyar, holmar og skjer og som inneheld ein geologi som snart vil få UNESCO-GEOpark status. Lær om korleis sauane har halde dette landskapet vedlike saman med dei lokale fiskarane og deira sterke havkvinner.
Her er lyngen brent i tusenvis av år og på den måten har dette samarbeidet forhindra at kystlandskapet vert fullstendig overgrodd.

Skreddersydde turar
Vi tilbyr også overnatting og panande skreddersydde turar på førespurnad.
Tusen takk !
Thank you for arranging a fantastic kayaking trip for us. Over 3 days we got to see the highlights of the Solund area. Trude and Wannes guided us through the beautiful area and our highlights included gathering mussels and climbing a peak to see 360 degree views of the sea and islands. All food and accommodation was provided - Trude and Wannes really went the extra mile having ingredients delivered by boat for us to enjoy the mussels we collected.
Padle der Sognefjorden møter den mektige Nordsjøen
Her langs kysten av Solund, padlar du nær det vestligaste punktet i Norge. Og dette er eit område som er rik på både gamal og ny kystkultur. Kajakken er den beste måten å utforske dette landskapet på, og du følger spora til tusenvis av fiskarar og kvinner som alltid har brukt havet som hovudveg. Vi tilbyr guida kajakkturar i stødige tandemkajakkar. Våre kvalifiserte guidar vil gi deg eit innblikk i korleis folk både overlevde på, og levde av havet og korleis dei utnytta dei små jordflekkene rundt seg.
Du vil også få innblikk i korleis dei handla varer og korleis dei bygde husa sine. Desse turene vil utvilsomt gi deg ein smak av det autentiske vestkystlivet.
Turane våre passar for alle, då vi brukar stødige dobbeltkajakkar. Det er ingen krav til tidlegere kajakkerfaring ved bruk av slike kajakkar.
Guida kajakkturar vert tilbydd nesten kvar dag, frå mai til september.