Terms and conditions

Generelle vilkår og krav

Norsk Kystkulturakademi AS set stor pris på at du har valgt våre tenester, og vi vil gjere vårt beste for at opplevinga di vert så kjekk, avslappande og trygg som mogleg.
Desse vilkåra og krava gjeld for einkvar bestilling, anten det er eit kurs, ein tur eller det gjeld utleige.

Norsk Kystkulturakademi AS (NKKA) følgjer strenge helse- og sikkerheitsprosedyrar, men i møte med naturen er det alltid eit element av risiko. Derforvil våre tenester, særleg innan kajakkpadling og fotturar også innehalde ein liten grad av risiko.

Sikkerhetsinstruksjonar vil bli gitt før kvar tur og alle våre gjestar må godta å følgje desse instruksjonane.
NKKA og våre guidar kan ikkje haldast ansvarlege for personskadar, tap av utstyr eller annan skade, når dette skjer fordi instruksjonar ikkje vert følgt.

Vi krev vår rett rett til å gjera endringar og justeringar av desse vilkåra og krava utan færhandsvarsel til nokon kunde / klient. Vi vil gjera vårt yttarste for å oppfylle vilkåra du var enige i på bestillingstidspunkt.
Avbestillingsreglar kan ikkje endrast.

Vi tilrår alle gjestar å ha sin eigen personlege reise-/sjukeforsikring.

Utleige:
For all kajakkutleige må følgjande erklæring verta godtatt:

"Eg opplyser med dette at eg tek det fulle ansvaret for min eigen sikkerheit i leigeperioden. Eg er klar over at havpadling medfører ein viss risiko, og eg vil vurdere denne risikoen når eg er i vatnet.

Eg vil returnere utstyret i samme stand som då eg fekk det. Dersom utstyret ikkje vert returnert innan leigeperioden, eller vert skada på nokon måte, har NKKA rett til å fakturere ekstrakostnader som er kome til i samband med forseinkinga eller skaden."

Vi vil ikkje refundere betalingar eller kansellere kajakkutleige om vertilhøva er utilfredsstillande for kunden (regn, vind, sludd, snø osv.). Om det er plass i timeplanen vår, prøver vi å få til ei ombooking av leigeperioden.
Alle som er interessert i å leige av oss eller melde seg på ein tur, skal vite at vi tek sikkerheitsomsyn i alt vi gjer.

Førstegangsleigarar kan bli bede om å:
- Ta eit sikkerheitskurs i havkajakkpadling
- Utføre ei sjølvredning
- Delta på ein instruksjon for bruk av våtdrakter og sjølvredning, øve på frigjering av spruttrekk og kameratredningar
- Leige og/eller ha på seg ein våtdrakt eller anna passande beskyttelsesplagg

Vi krev retten til å nekte å levere tenester eller utleige til alle som er mindreårige og utan følgje av vaksen person, rusa personar eller på annan måte er svekka eller viser teikn på dårleg dømmekraft. Ver merksam på at vi ikkje refunderer førehandsbetalte tenester til personar som har blitt nekta å leige av grunnar som er nemnt ovanfor.

Bestilling og betaling

Kreditt-/debetkortet ditt vil bli belasta ved bestilling. Norsk Kystkulturakademi AS er ikkje ansvarlig for eventuelle tilleggsgebyr som vert lagt på av banken som kredittkortet er knytt til.

Kredittkortbetalingar vert samla inn av Billberry som autorisert agent for Norsk Kystkulturakademi AS (Norsk Kystkulturakademi). Deretter vil Billberry verta vist som Norsk Kystkulturakademi AS på din kredittkortutskrift. Domenet der betalingen vert handsama er eigd og vert drifta av Billberry.

Bestillingen er bindande når betaling er gjennomført. Ta med kvitteringa og vis den til guiden på aktiviteten din.

Alle fakturaer vert belasta med 5 % rente ved forfall, minimumsgebyr er kr 100.
Dersom faktura ikke vert betalt innan forfall krev vi retten til å kansellere bestillinga.
Alle våre priser er inkl. moms, berre guida turar er momsfrie.

Barneprisen er mellom 6 og 13 år. Om klienten kjøper turar til barnepris der det synast  åpenbart at dette gjeld eldre barn, er guiden pålagt å be om bevis på alder på dette barnet.

Bestillingar gjort via e-post (utleige, overnattingsturar, større grupper via agentar, m.m.)

For bestillinger verdt under NOK 6500:

Kunder må betale 100 % på førehand. Dette vert gjort med kort eller bankoverføring.

For alle som brukar lenka til vår sikre betalingsløsning.
For internasjonale bankoverføringar vil det påløpe eit bankgebyr på kr 120 for overføringar under kr 6500. Kvittering og bilag vert sendt til på e-post etter betaling.
Bestillingar vert først lagt inn i vår kalender etter at innskot eller full betaling er mottatt.

Bestillinger verdt over NOK 6500:

  • Kunden må betale eit ikkje-refunderbart depositum på 25 % på førehand. Bestillingar vert først lagt inn i vår kalender etter at innskot eller full betaling er mottatt
  • Betaling kan gjerast via E-pay eller bankoverføring. Faktura for bankoverføring vil bli utstedt på førespurnad.
  • For alle brukarar av vår lenke til sikker betalingsløysing E-pay, vil det vera lagt til eit gebyr på 2,15 % for å dekka kortselskapet sine avgifter. For internasjonale bankoverføringa vert kostnadene dekka i Norge. Kvittering vil bli sendt til deg på e-post etter betaling. Bestillingar vert først lagt inn i vår kalender etter at innskot eller full betaling er mottatt.
  • Full betaling forfell innan 10 dagar etter fakturering og seinast 30 dagar (4 veker) før turen/arrangementet startar.
    Ved å betale for ein tur går vi ut frå at einkvar klient har lest og godtatt våre vilkår og krav.

Avbestillingsreglar

Gjestar som bestillar aktivitet hos Norsk Kystkulturakademi AS gjennom vårt partnar- eller agentnettverk, er bunde til vilkåra for tenesta som er knytt til desse tenesteleverandørane.
Avbestilling mottatt inntil 14 dagar før dato for planlagt aktivitet, vert refundert 100 %.
Avbestillingar mindre enn 14 dagar før dato for planlagt aktivitet, vert ikkje refundert.
Det ikkje-refunderbare depositumet på 25 % vil ikkje bli refundert.

Frå eventuelle refusjonar vert det trekt NOK 120 for å kunna dekka internasjonale gebyr på bankoverføringar.
Ta kontakt med Norsk Kystkulturakademi AS så snart som mogleg dersom du treng å avbestille eller ombooke ein aktivitet.

Avlysning av arrangementer på grunn av Force Majeure
Om ein Force Majeure-situasjon oppstår, og aktivitetar vert avlyst, vil refusjon ikkje skje. Vi vil gjere vårt beste for å ombooke turen din til eit anna tidspunkt.

Avlysning av aktivitetar frå Partnerar av Norsk Kystkulturakademi AS
I slike tilfelle vil vilkåra for bruk av partnarane til Norsk Kystkulturakademi AS verta brukt.

Når kunden uteblir:
Ingen refusjon vil bli gitt til gjestar som ikkje møter opp til bestilt aktivitet. Alt bør gjerast for å kontakte Norsk Kystkulturakademi AS så snart du blir merksom på ei forseinking som kan påvirke aktiviteten. Då vil prøve å samarbeide med deg for å løyse problemet.

  • Når turen er starta er det ikkje mogleg for omlegging. Vi reknar ein omvisning / guida tur som starta til oppgitt møtetid, som er ca. 10 til 15 minutter før avgang. Dette er gyldig sjølv om det kun éin person som har booka.
    Sørg for å vera på plass 10 til 15 minutter før turen startar. Om du kjem for seint kan gruppa dra utan deg. Om dette skjer, vil vi ikkje refundere eller ombooka turen din.
  • Om ein klient veit at han/ho kjem for seint, er rådet at du ringer i god tid, så vil vi gjere vårt beste for å ombooke deg til ein annan tur. Ver merksam på at ev. ombooking er avhengig av mange ukjende faktorar og kan ikkje verte garantert.
  • For å avbestille, ver venleg å sende stadfestinga på bestillinga på e-post til post@nkka.no. Ver evenleg å oppgi ditt eige og din bank sitt namn og fulle adresse, bankkontonummer med IBAN og SWIFT/BIC-kodar for tilbakebetaling.
  • Dersom det av ein eller annan grunn skulle skje at ein planlagt aktivitet vert avlyst av Norsk Kystkulturakademi AS (med eller uten varsel), vil vi gjere vårt yttarste for å flytte aktiviteten til eit anna passende tidspunkt for kunden. I tilfelle der ombooking ikkje er mogleg, vil full refusjon bli gitt, ekskl. internasjonale bankgebyr.
  • Ombooking kan avtalast i inntil 2 år etter avtalt tur eller utleige, den kan også overleverast til vener eller familie.
  • Ver merksam på at refusjonar sendt gjennom vår betalingssystem, kan ta opptil 2 veker å handsama, så vi set i så fall stor pris på di tolsemd i desse tilfella.
  • I den tida Norsk Kystkulturakademi AS gjer alt for å imøtekoma kunden sin bestillinger, er vi ikkje ansvarleg for eventuelle kostnader som påløper for kunden sine førebuingar til aktiviteten (transport, overnatting, måltider, klær osv.), eller ulempene som vert knytt til den kansellerte bestillinga.
  • Ver merksom på at turar og utleige som er bestilt for ein bestemt tidsperiode ikkje er underlagt ein "bestillingsperiode" i høve til norsk forbrukerlov.


Viktig

Sørg alltid for at detaljane i reisedokumenta dine er i samsvar med din bestilling, og husk å ta med dokumenta på reisa.
Det vert sterkt anbefalt at du har ein gyldig reiseforsikring som dekker tapet ditt for ufæreseielege omstende eller ulykker; som t.d. sjukdom, familienaudsituasjonar eller andre situasjonar som kan påvirka reiseplanane dine.

Lovlig

Når aktiviteten krev det, vil Norsk Kystkulturakademi AS gi ein aktivitetsorientering og sikkerheitsorientering før aktivitetsstart. I einskilde tilfelle, og for einskilde spesifikke aktivitetar, vil kunden bli pålagt å signere eit eigenerklæringsskjema som seier at Norsk Kystkulturakademi AS fråskriv seg alt ansvar for ulykker eller skadar som oppstår i løpet av aktiviteten

Ansvar / Skader

Aktivitetane som vert styrt og leia av Norsk Kystkulturakademi AS vert rekna som "spotslig aktivitet" og det vert forventa at gjesten kler seg deretter. Norsk Kystkulturakademi AS påtar seg ikkje ansvar for skade på personlege eignelutar som vert tatt med på ein aktivitet i Norsk Kystkulturakademi AS sin regi, inkludert men ikke avgrensa til: mobiltelefonar, smarttelefonar, kamera, smykker og kle. Norsk Kystkulturakademi AS påtar seg ikkje noko ansvar for eventuelle skader som kjem som følgje av feil på utstyr som er levert under aktiviteten.

Personlig informasjon

Norsk Kystkulturakademi AS kan ta vare på personopplysningar som er samla inn under bestillingsprosessen eller på eigenerklæringsskjema. Denne informasjonen kan nyttast til interne kampanjar, tilbod eller undersøkjingar. Ingen personopplysninger vil bli avslørt eller distribuert til partar utanfor Norsk Kystkulturakademi AS

 

Helse og trening

Sjølv om våre planlagte turar ikkje er rekna for å vera anstrengande, anbefaler vi på det sterkaste at du har ordna deg ein personlig reise/sjukeforsikring. Ver venleg å informer guiden din hvis du har nokon fysiske eller psykiske plager som kan vera med å påverka gleda med å delta på vår kajakk- og / eller fottur.

Vi er normalt i stand til å tilpasse tempoet på turen til kunden sine preferansar, noko som gjer at du kan padle / gå i ditt eige tempo. Om du er ute etter hard trening, ver merksam på at dei fleste av våre vanlege turar ikkje er meint å vera av ein slik art, og du kan bli bedt om å tilpasse tempoet til dei andre kundane og guiden sitt tempo.

Ver og sikkerheit

Våre kajakk- og fotturar er i eit villmarksmiljø og vil bli påvirka av veret. Veret på vestkysten av Norge kan vera svært skiftande, både i høve temperatur og vertype. På våre turar kan du oppleve både solskinn, regn, vind, vindstille og ein rekke temperatursvingingar same dag. Vi anbefaler å ta med varme og vanntette klede. For fleirdagsturar, ver nøye med å sjekke ut lista over anbefalte ting å ta med, før du reiser.
Vi krev retten til å gjera endringer i tidsplanen eller å kansellere einkvar tur eller arrangement på grunn av helse, sikkerheit og vertilhøve.

Vi gir alltid en sikkerheits- og ferdigheitsinstruks, før turen startar.

Guidetrening

Alle NKKA sine guidar er anten kvalifisert gjennom Norges Kanoforbund (NPF), British Canoe Union (BCU) eller American Canoe Union (ACA). Alle våre guidar har minst 8 timers førstehjelpskvalifisering.

Gruppestørrelse

For dei daglege turane har vi minimum 2 deltakarar og maksimalt 9 deltakarar pr. guide. Med minimum 4 dagars førehandsbestilling kan vi vera i stand til å auka det maksimale talet deltakarar til 24 . Tal guidar vil i så fall auka med 1 til 5 stk. Barn i alderen 5 til 13 må vera i følgje med ein forelder eller føresett.

Utstyr

På alle turar anbefaler vi å velge våre stabile og romslege dobbeltkajakkar. Alle klienter vil være utstyrt med padleåre, padlejakke, flytehjelp, spruttrekk, padleflott og pumpe.

Plassering

Vi held til i Hardbakke hamn, Solund, Norge.
Eitkvart søksmål mot NKKA eller nokon av våre guidar må løftast inn mot ein norsk domstol, etter norsk lov.